Vil du selge billetter på kultar.no?
Billettsalg på nett av kultar.no til Sigrid på Egge i Stiklestad kirke. Det skjer i Verdal

Sigrid på Egge, Sigrid si soge

Mandag 27. juli
Stiklestad kirke

Billett kr. 250,-
Barn t.o.m 15 år kr. 100,-

Ledsagerbevis godtas

Ei gripande kvinnesoge om Sigrid Toresdotter frå Bjarkøy – ei sterk forteljing om sorg, tru, kjærleik og kampen for å finne eigen styrke.

Sigrid
Ho var dotter på hovdingsetet Bjarkøy i Nordland og søster til Tore Hund, hovdingen.
Foreldrelaus,vart ho oppseda av storebror Tore og Hild, matselja på garden.

Ei kvinne med eit opprivande liv
Vi møter Sigrid som vaksen kvinne, og følgjer henne gjennom livet hennar.

Gifta bort
Da ho var 15 år gifta broren henne bort til Olve Grjotgardson, hovdingen på Egge hovdingsete i Trøndelag.
Han var også Hovgode i Mereshovet. «prest, religiøs leiar og domar».

Frå sorg til styrke
Sigrid var uvelkomen på Egge, sviken og einsam.
Men etterkvart  fekk Olve og ho eit godt liv saman.
Ho mista småborna sine i sottedaud.
Kong Olav Haraldsson drap Olve, og tvinga Sigrid til å gifta seg med hovding og kongsmann Kalv Arneson frå Giske på Møre. Kongen gav også hovdingsetet Egge til Kalv.
Seinare drap Kong Olav Haraldsson dei to eldste sønene til Olve og Sigrid.
Korleis kan ho halde ut å leva?

Sorga og Truskampen
Sorga over alle ho har mista.
Hatet mot Kong Olav Haraldsson.
Truskampen mellom  heidendomen og Kvitekrist.
Kampen for kvinneverdet sitt.
Alt dette gjer henne til sterke, sjølvstendige Sigrid.

Kvinna ho inst inne er
Med søkande sjel
Med sliten kropp.

Ramberg 15.07.2026
Inger Ramberg Røthe.

Arrangør: Letnes Eiendom AS

Se andre forestillinger

Arrangør?
Vil du selge
billetter
på kultar.no?