Mens vi venter på Godot

Aulaen, Verdal

NB! du får 30,- i rabatt ved kjøp på internett

Spilletid 2t 45 min. inkl. pause

Les anmeldelse i Aftenposten her
Les anmeldelse i VG her

Ein landeveg. Eit tre. To underlege typar, Estragon og Vladimir, ventar. Dei ventar på Godot. Dei har inga klår meining om kven han er eller kvifor dei ventar på han.

– Fyrste gongen eg såg stykket som ung student, trudde eg at eg skulle le meg i hel, seier regissør Bjørn Sundquist. – Likevel dreiv eg omkring i gatene i Oslo heile natta. Det var uråd å få stykket ut av kroppen.

Mens vi ventar på Godot er ein av verdsdramatikkens mest kjente titlar, og har vorte ei standardformulering for langt fleire enn dei som har sett skodespelet. Skriv «waiting for» på Google eller YouTube, og sjå kva som skjer. Stykket hadde urpremiere i Paris 1953, og etter det har «Godot» vorte ein klassikar som vert framført over heile verda. Då stykket vart spela for 1400 innsette i San Quentin-fengselet i California, kjente fangane seg igjen med det same, og oppsetjinga vart ein kjempesuksess.

I Riksteatret og Det Norske Teatret sin versjon, har skodespelarbrørne Jan og Stein Grønli hovudrollene, og tredje bror Pål er inspisient. I mange år har dei ønska å reise på turné med ”Godot” og ha Bjørn Sundquist som regissør. Med seg på scena har dei òg Duc Mai-The, Sigmund Sæverud og Robert Skjærstad. Vi kan mest ikkje vente!

Speletid: 2 timar 40 minutter (inkludert pause).

På scenen
Jan Grønli, Stein Grønli, Duc Mai-The, Sigmund Sæverud og Robert Skjærstad.

Av Samuel Beckett. Regi: Bjørn Sundquist. I samarbeid med Det Norske Teatret

Team
Av Samuel Beckett. Omsett av Åse-Marie Nesse og Halldis Hoaas. Regissør: Bjørn Sundquist. Scenograf og kostymedesignar: Bård Lie Thorbjørnsen. Lysdesignar: Antonio Rodrigues-Andersen. Dramaturg: Tine Thomassen. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen.

Produsert av Det Norske Teatret i samarbeid med Riksteatret.

Opplev meir
Kl. 17.00 Ein time før framsyninga tek til inviterer vi til ein intro til Mens vi ventar på Godot med to av skodespelarane

Se andre forestillinger

Arrangør?
Vil du selge
billetter
på kultar.no?