Billettsalg på nett til Hilmarfestivalen og Folktrion Geitungen på Steinkjer

Hilmarfestivalen: Folktrioen Geitungen

Steinkjer

Trioen Geitungen feirer 25 år som band med seks ekslusive konsertar i Noreg! Det er over ti år sidan dei spela saman sist så dette er ein sjeldan moglegheit til å høyre eit av landets eldste folkemusikkband i levande live.

Du får høyre låtar som ein gong var populærmusikken blant fest-sugne utkantrogalendingar, låtar som var på topplista av låtar som ein helst ville høyra når ein gjekk til dans – hits frå ei svunnen tid. Geitungen spelar låtane i tråd med godt dansespel nettopp frå desse kantane og denne tida. Klangbiletet er farga i samspel mellom feler, toradar, mandolin, hardingfele, mandola og gitarar fordelt på dei tre musikantane. Uttrykket er enkelt og musikken spenner seg frå lun og varm masurka til heite og yppande hopsarar og syrlege valsar.

Gjennom sitt lunefulle og Eggande spel, tar Geitungen lyttaren med tilbake i tid, langt ut til dei halvmørke dansegolva i dei litt meir festlege delane av utkant-Rogaland.

Se andre forestillinger

Arrangør?
Vil du selge
billetter
på kultar.no?