Hilmar året rundt: Kviven Duo 2023
21.november kl. 20.00 Matgarasjen, Jøa
23.november kl. 19.00 Hegdahlkafeen, Steinkjer
Ordinær kr. 200,-
Student kr. 150,-
Årskort/abonnement kr. 0,-
Her kan du kjøpe årskort og lese om hvordan det fungerer!
Ledsagerbevis godtas. Billett fås hos Kultar sine utsalgssteder eller ved å ta kontakt med kultar@kultar.no
Gnistrande Vestlandsslåttar i stereo felespel
«Kvakksalvar-Guri» er debutalbumet til Kviven duo. Bak namnet finn me dei to meisterspeledamene Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm. Den vestlandske blygselen svinn som dugg for sol når den framoverlente duoen triv felene sine. Dei framfører gamle danseslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre med ein djervskap og energi som gjer musikken høgaktuell.
Slåttane frå dette albumet har i seg ein nerve og ei framdrift utover det vanlege. Utan å gå på kompromiss med tradisjonen kastar Frøholm og Kvernberg nytt lys over musikk som har levd i området i fleire hundreår. Det musikalske utgangspunktet er tradisjonelle feleslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre generelt, Hornindal og Volda spesielt – bygder som dei to utøvarane har sterk tilknyting til.
Kvernberg og Frøholm har kvar for seg lang fartstid som utøvande musikarar på heiltid, t.d. gjennom nyskapande band som Majorstuen, Maar, Boreas, Perleskum m.m.
– Eg likar godt å innimellom ha skikkeleg stramme rammer. I Kviven duo kjem slåttane og tradisjonen med eit sett kodar og framføringspraksisar som me freistar å halde fast ved, samstundes som me vil levandegjere og aktualisere den gamle musikken. Livshistoriene til kjeldene våre følger med oss på vegen fram, og hjelper oss med å sette retning for framføring og arrangement. Til dømes kviknar 249-åringen Kvakksalvar-Guri til når me hiv oss inn i leiken hennar!, skildrar Kvernberg.
Duoen brenn for den tradisjonelle folkemusikken, og har ein visjon om å gi den gode levekår i samtida. Slåttemusikken har dialekter på same måte som talespråket i vårt langstrakte land. I Nordfjord og på Sunnmøre finn me kvikke slåttar med ei skarp takt og ein munter kveik. Kviven duo tek dette til nye nivå på albumet «Kvakksalvar-Guri»
– Interessa for tradisjonsmusikken ligg i botnen for alt me to gjer som enkeltutøvarar i alle slags konsept; Jorun Marie Kvernberg m.a. i nyskapande folkemusikkband som Majorstuen og eg sjølv både som tradisjonsutøvar og som samtidsmusikar i t.d. Friensemblet, fortel Frøholm.
I Kviven duo får me boltre oss i den tradisjonelle musikken samtidig som me tek den eitt steg vidare inn i det harmoniske med tostemt spel.
Frå gamalt av har det vore sterke band mellom bygdene Volda og Hornindal, med spelemenn som vandra att og fram over fjellet Kviven for å dele slåttar og finne tonen saman. I 2012 klirra ministrar og ordførar med kjeder og klipte snorer når milliardprosjektet Kvivsvegen endeleg stod ferdig. Dette nyt mellom anna Kviven duo godt av i dag, når dei no kan suse gjennom tunnellsambandet mellom Hornindal og Volda og utveksle slåttar og finne tonen som aldri før. Kviven duo si utgjeving skjer dessutan i same år som Volda og Hornindal søkjer full forbrødring gjennom kommunesamanslåing.
Dei ettertrakta musikarane i Kviven duo har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar i sekken, fleire Spellemannprisar på hylla og ei imponerande merittliste. «Kvakksalvar-Guri» er ein medrivande tur gjennom slåttemusikken på Nordvestlandet. Ein folkemusikk-skatt får kome i rampelyset med både djerve dobbeltgrep så vel som såre tarmstreng-tonar.
«Kvakksalvar-Guri» er duoen sitt første album, og også det nyoppstarta plateselskapet «Kviven Records» si første utgjeving.
I januar 2024 kjem duoen med sitt andre album. Der djupdykkar dei meir i tradisjonane frå Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal, under platetittelen «Nordlysets døtre»