Vil du selge billetter på kultar.no?
Billettsalg på nett av kultar.no til Sigrid på Egge i Stiklestad kirke. Det skjer i Verdal

Sigrid på Egge, Sigrid si soge

Mandag 27. juli
Stiklestad kirke

Billett kr. 250,-
Barn t.o.m 15 år kr. 100,-

Ledsagerbevis godtas

Ei gripande kvinnesoge om Sigrid Toresdotter frå Bjarkøy – ei sterk forteljing om sorg, tru, kjærleik og kampen for å finne sin eigen styrke.

Fru Sigrid til Egge
Ei kvinnesoge. Sigrid si soge.

Sigrid Toresdotter
Sigrid Toresdotter var hovdingdottera frå Bjarkøy, syster til Tore Hund. Ho vart gift med Olve Grjotgardson, hovding på Egge og hovgode i Mereshovet. Seinare vart ho gift med vikinghovdingen Kalv Arneson.

Ei kvinne med eit opprivande liv
Vi møter Sigrid som vaksen kvinne og følgjer henne gjennom eit opprivande liv.
Foreldrelaus vart ho oppseda av storebror Tore Hund og matselja på garden, Hild. Berre 15 år gammal vart ho gitt bort i gifte til Olve på Egge.

Frå sorg til styrke
Uvelkomen på Egge, sviken og einsam. Men etter kvart fekk ho og Olve eit godt liv saman.
Ho mista småborna sine i sottedaud.
Kong Olav Haraldsson drap Olve. Deretter gav han Sigrid og hovdingsetet på Egge til vikingehovdingen Kalv Arneson, kongsmannen.
Seinare drap Kong Olav Haraldsson dei to eldste sønene til Olve og Sigrid.
Korleis kan ho halde ut å leva?

Sorga og truskampen
Sorga over alle ho har mista. Hatet mot Kong Olav Haraldsson.
Truskampen mellom heidendomen og Kvitekrist.
Kampen for kvinneverdet sitt.
Alt dette gjer henne til den sterke og sjølvstendige Sigrid.

Kvinna ho inst inne er
Med søkande sjel.
Med sliten kropp.

Ramberg, 12.05.2026
Inger Ramberg Røthe

Arrangør: Letnes Eiendom AS

Se andre forestillinger

Arrangør?
Vil du selge
billetter
på kultar.no?