Abraham Fjelli

Abrahamvollen inne på fjellet, og Vekreshaugan i Henning.

Ordinær kr. 395,-
Barn 6-15 år kr. 260,-
Student kr. 345,-
Honnør kr. 345,-
Gruppe (minst 10): 345,-
Er du med i fordelsprogrammet til NTE og eller Boligbyggelaget Midt får du rabattert pris kr. 345,-

Billetten er inkl. grøt, spekemat og saft. Hvis du har laktoseintoleranse kan du be om laktosefri grøt på epostadresse [email protected] Husk å oppgi dato!

Billett kjøpes på forhånd for å forenkle registrering av navn og kontaktinfo ihht. smittevernregler.
Ledsagerbevis godtas. Billett fås hos Kultar sine utsalgssteder eller ved å ta kontakt med Kultar.

«Abraham Fjelli» er eit friluftsteater som vart satt opp første gong i 1989 på Abrahamvollen inne på grensa mellom Henningfjellet og Ogndalsfjellet.

Stykket har sidan vært satt opp fire gonger. Siste gong var i 2003.
Oppsetninga er eit samarbeid mellom ungdomslaga i Ogndal, Henning og Sparbu, og heile prosjektet er tufta på ønske om å fremme bolyst, og spesielt samarbeidet mellom bygdene Ogndal, Henning og Sparbu, og spesielt mellom dei fire ungdomslaga Ogna UL, Bagabu UL, Øvre Ogndal UL og UL Framsyn

Stykket er skreve av Inger Ramberg Røthe frå Sparbu. Historia i stykket tek for seg faktiske hendingar frå midten av 1860 – talet til midten av 1870-talet.
Stykket handlar om Abraham Fjelli som budde saman med familien sin på Abrahamvollen i Bakkhaugan ein stad i fjellområdet mellom Henning og Ogndal.

Abraham Fjelli og hans folk kom opprinneleg flyttande frå Østerdalen til Ogndal for å arbeide i gruvedrifta i Mokk gruver fyrste halvdel av 1800 -talet. Gruvedriften vart etterkvart lagd ned pga av dårleg lønnsomheit og dei som hadde flytta hit hadde då ingen plass å gjere av seg. Dei hadde ingen plass å dra tilbake til i Østerdalen og bygdefolket i Ogndal ville ikkje vite av dei. Dei var aller nederst på samfunnets rangstige, lavere enn husmenn. Dei måtte difor ta tilhald inne på fjellet kor dei fekk lov til å bu.

Som følgje av tvist med forstfolk og lensmann om bruk av trevirke inne på fjellet kor Abraham nekta å føye seg for statsmakta gjekk Abraham frå Bakkhaugan til Stockholm. Dette er på midten av 1860 – talet.

DI Stockholm bed han unionskongen over Noreg og Sverige, kong Karl den 15. om brev på at han skal få halde fram med å hogge tre til traugemne i heimtraktane sine. Det får han.

Men – Abraham tek ikkje innover seg alvoret med at forstfolket skal blinke ut trea han får lov til å felle. Det heile endar med ny tvist med forstmann Martens og at Abraham igjen går til kongen for andre gong, rundt 1872 , ca 10 år etter fyrste turen. I Stockholm er det ein ny konge som styrer og Abraham får ikke medhald denne gongen.

Stykket handlar difor om Abraham, mannen som stod opp mot, og trassa Forstvesen og lensmann for retten til eit respektert og leveverdig liv. Han gjorde det for seg sjølv, men og for alle dei som ikkje hadde hans fysiske og psykiske styrke og mot!

For fyrste gong er det ikkje Andreas Gjermstad som spelar hovedrolla som Abraham Fjelli. Men vi har ikkje gått langt for å finne hans arvtaker. Vi har spurt barnebarnet til Andreas, han Ove Andreas Gjermstad og han har takka ja. Av andre rollar kan nevnas at Marita Ramberg Røthe og hennar ektemann Torstein Fosmo er med, samt Magnhild Hagen. Instruktør av stykket er Astrid Skogseth. Hun kjenner stykket svært godt og har instruert stykket flere tre ganger tidligere også. Bl.a instruerte hun stykket første gang det ble satt opp i 1989.  Det er med stort og smått totalt over 50 stk på scenen i stykket.

Stykket innheld ein del musikk, og musikere er Frank Tønne og Jørn Haudemann Andersen- Båbu mannssong er også med.

Premieren blir spelt inne på Abrahamvollen inne på fjellet. Det er ca 40 min gange inn dit. Møt opp i god tid. Dei øvrige forestillinger speles på Vekreshaugan i Henning. Her det det enklare tilgang med parkering ved Henning skole og 10 min gange. For dei som treng det blir det transport helt inn til spelplassen på Vekreshaugan.